Takk til sponsorar og bygdefolket i Vik!

Uten lokal støtte, ingen aktivitet i Idrettslaget. Slik også når vi skal arrangere NM. Hovedkomiteen er svært takknemleg for den gode tilbakemeldinga vi får og kjenner på frå næringslivet og bygdefolket i Vik.

Vi er svært stolte over at våre lokale verksemder Linn Bad AS, Highsoft AS, Sogn Sparebank og Montal Systems AS vil vere våre NM-hovedsponsorar. Dette har stor verdi for oss økonomisk, men også som ei god støtte for det arbeidet som vert lagt ned i samband med det store arrangementet som NM er.

Vi er også takknemleg for positiv innstilling frå innbyggjarane i Vik i form av dugnadsarbeid på Vik Skisenter og i NM-organisasjonen ellers.

Vi gledar oss til NM!

Jorunn Åsfrid Røyrvik (leiar)

Trude Undebakke (leiar Vik IL Ski- og Skiskyting)

Olav Turvoll (ordførar)

Erling Stadheim (leiar Vik IL)

Rikke Westvig